Raid on Oyster River | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Del av Kong Vilhelm-krigen | |||||||
| |||||||
Partar | |||||||
Massachusetts Bay Colony | Ny-Frankrike og Abenaki | ||||||
Kommandantar | |||||||
ukjend | Claude-Sébastien de Villieu | ||||||
Styrkar | |||||||
ukjend | 250 abenaki-indianarar | ||||||
Tap | |||||||
104 innbyggjarar drepne og 27 tekne til fange | ukjend |
Hudson Bay: Hudson Bay (1686) · 1. Fort Albany · 2. Fort Albany · York Factory · Hudsonbukta i 1697
Quebec, New York og Newfoundland: Lachine · Schenectady · Quebec · La Prairie · Mohawk Valley · Newfoundland Acadia og Ny-England: Dover · 1. Pemaquid · Salmon Falls · Port Royal · Falmouth · Chedabucto · York · Wells · Oyster River · Bay of Fundy · 2. Pemaquid · Chignecto · Fort Nashwaak |
Raidet mot Oyster River (òg kjend som Oyster River-massakren) skjedde under Kong Vilhelm-krigen, den 18. juli 1694. I 1693 hadde engelskmennene i Boston gått inn i ein freds- og handelsavtale med Abenaki-stammenen aust i Massachusetts. Franskemennene i Quebec under guvernør Frontenac ønskte å avbryte forhandligane og sende Claude-Sébastien de Villieu hausten 1693 til dagens Maine med ordre om å setje seg sjølv som leiar for dei akadiske indianarane og leie dei mot engelskmennene.[1] Villieu var vinteren i Fort Nashwaak (sjå omleiringa av Fort Nashwaak i 1696). Indianarar-stammane i regionen var generelt usamde med kvarandre om dei skulle gå til åtak på engelskmennene eller ikkje, men etter diskusjonar med Villieu og etter noko press gjekk dei med på ein offensiv.
Den engelske busetnaden Oyster River (dagens Durham i New Hampshire) vart angripen av Villieu med om lag 250 abenaki-indianarar. Åtaket starta ved daggry og det vesle fortet fall raskt. I alt vart 104 innbyggjarar drepne og 27 teken til fange,[2]. Halvparten av husa, inkludert garnisonane, vart plyndra og brend til grunnen. Avlingane vart øydelagde og buskapen drepen, noko som gjorde at dei overlevande svelta.